Lesarinnlegg: Gryteklart industriområde søker person med pengar og dynamitt

Som den forlatte flygende Hollender ligg det der, industriområdet på Rubbestadneset.

Området ligg nær Wärtsilä Norway sitt anlegg og den nye vidaregåande skulen/teknologibygget. Foto: Jan Willy Folgerø-Holm.

Nær 90 dekar med potensiale. Påbegynt, men ikkje vidareført. Og det kan vera freistande å sitera  Snorre frå Slaget ved Svolder:

Da sa kong Olav: “Kva var det som brast så høgt?”

Einar (Tambarsjelve) svarte: “Norge av di hand, konge.”

“Det var vel ikke så stort smell”, sa kongen, “ta min boge og skyt med den”, og så kasta han bogen sin til ham.

…….

Eg skal ikkje dvela ved årsaka til «bresten», men området ligg der og ventar på ein som tek «kongens boge» og set i gong.

Rubbestadneset har sidan 1903, i 120 år, vore arnestaden for ymse industri. Utviklinga frå motorfabrikken har ført til stor knoppskyting, og i dag er det over 20 verksemder som har sitt tilhald i området.

Fleire av dei har eit stort potensiale.

Men staden er for trong. Ikkje er det plass til fleire bygningar, ikkje er det plass til parkering. Slik sett er staden overmoden for tilgjengeleg areal for bygningar og kaiar.

Og det kan vera grunn til å gjenta:

«Gryteklart industriområde søker person med pengar og dynamitt.»

Lesarinnlegg v/ Jan Willy Folgerø-Holm.

Jan Willy Folgerø-Holm er mellom anna styreleiar for Veteranlaget Wichmann-Wärtsilä. Foto SMe.
Forrige
Forrige

Skråblikk: I samme båt

Neste
Neste

Nettolønn: Ingen lovfesting og fortsatt tak