Breeze Ship Design vann næringsprisen på Stord
Næringslivet på Stord var samla til den tradisjonelle årsfesten der høgdepunktet var utdeling av Næringsprisen for 2023.
Dette skriv Stord Næringsråd på sin nettstad.
I grunngjevinga frå juryen heiter det:
Breeze Ship Design vart etablert av lokale krefter som tok tak då strategien til store konsern ville det annleis.
Verksemda er tru mot eigen idé og filosofi. Dei leverer skreddarsydde design basert på ei analytisk tilnærming til kva behov kunden har.
Breeze Ship Design er opptatt av grøne og berekraftige løysingar for designa sine og samarbeider med andre aktørar for å få nullutslepp i skipsfarten.
Vinnaren kombinerer moderne og effektiv design på ein framifrå måte med den gode arven skipsdesign har i Sunnhordland.
- Reinert Nordtveit, COO i Breeze Ship Design, tok imot prisen på vegne av verksemda. I takketalen la han vekt på at selskapet byggjer på gode tradisjonar og godt samarbeid mellom ulike aktørar på Stord og i Sunnhordland, skriv Stord Næringsråd.
Næringsprisen er eit samarbeid mellom Stord Næringsråd og Sparebanken Vest. Prisen blei delt ut av juryleiar og banksjef i Sparebanken Vest, Svein Ottesen.
- Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar, heiter det.