Zinus har vunne to kontraktar i Austersjøen

Teknologiselskapet på Rubbestadneset sikrar to store kontraktar for høgspente kabelhandteringssystem med sentrale hamner i Austersjøen.

Arkivfoto: Endre Eidsvik leder Zinus.

Dette kjem fram i ei pressemelding.

Zinus er globalt leiande innan berekraftige landstraumløysingar.

- Me er stolte av å kunngjere tildelinga av to kontraktar for levering av vårt nyutvikla SPP800 høgspente kabelhandteringssystem (CMS) til hamnene i Trelleborg, Sverige, og Klaipeda, Litauen, heiter det i meldinga.

Trelleborg

Zinus er valt av Actemium Electro AB, ein leiande svensk elektroleverandør med meir enn 30 referanseprosjekt sidan 2010, for levering av to høgspente kabelhandteringssystem for Ro-pax-ferjer. Desse CMS-einingane, utvikla i samsvar med IEC 80005-1, Vedlegg B, vil bli nytta av TT-Line, ein av dei viktigaste ferjeoperatørane i regionen. Installeringa av ladetårnet frå Zinus vil forbetre hamneeffektiviteten og bidra til ein meir berekraftig maritim drift.

Klaipeda

I tillegg har Zinus sikra seg ein kontrakt med BLRT ERA AS, eit estisk ingeniør- og skipsreparasjonsfirma, for levering av fire høgspente kabelhandteringssystem for Ro-pax-ferjer. Desse CMS-einingane, også i samsvar med IEC 80005-1, Vedlegg B, vil bli brukte til å tene fartøy opererte av DFDS og TT-Line.

- Med TT-Line som opererer på ruta Trelleborg-Klaipeda, vil selskapet no få nytte av Zinus sine avanserte landstraumløysingar i begge endar av drifta si, noko som styrkar forpliktinga til å redusere utslepp og auke energieffektiviteten i Austersjøregionen, skriv Zinus.

Bransjeleiande innovasjon

Zinus sin salssjef Klaus Kopelman kommenterer kontraktane:

- Dette er dei to første kontraktane for vår nye SPP800 High Voltage Tower-løysing, eit produkt spesialutvikla for RoRo-segmentet, og me er begeistra over å installere seks tårn, to på den svenske side av Austersjøen og fire på den litauiske sida. Dette markerer ei viktig milepåle for Zinus medan vi held fram med å levere banebrytande landstraumløysingar som fremjar berekraft og operasjonell effektivitet innan maritim transport, seier Zinus sin salssjef, Klaus Kopelman.

Forplikting til berekraftige maritime løysingar

Zinus sine avanserte kabelhandteringssystem spelar ei avgjerande rolle i elektrifiseringa av hamner slik at fartøy kan kople seg til landstraum og redusere utslepp vesentleg medan dei ligg til kai.

- At bransjeaktørar som Actemium og BLRT ERA tek i bruk desse løysingane, understrekar industriens forplikting til grønare skipsfart og overgangen til ei meir berekraftig framtid, heiter det avslutningsvis i pressemeldinga.

Forrige
Forrige

Hvem blir årets maritime kommune i Møre og Romsdal?

Neste
Neste

Knutsen Group blir eneeier i Level Offshore