Maritim presentasjon av ordførerkandidatar - Sigbjørn Framnes (Stord FrP)
– Det er viktig at kommunen klarer å skille kommunal eigedom og havneområde. Eg er glad i hamnelova, svarar mellom anna Sigbjørn Framnes.
Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland vil frem til valget den 11. september presentere en del av regionens ordførerkandidater i de ulike kommunene. Alle kandidatene får likelydende spørsmål:
Alder?
- 58 år.
Yrkesbakgrunn?
- Eg er utdanna elektroteknikar. I opplæring var eg mykje på nybygg og vedlikehald av båtar. Blei seinare tilknytt bussbransjen som sjåfør, tillitsvald og leiing. Var operativ sjef i Nobina Norge. I seinare år har eg vore dagleg leiar i Veteranskipen MS Sunnhordland og kjenner av den grunn litt til sjøfart og ISM koden.
Nærmeste tilknytning til maritim næring (personlig og/eller profesjonelt)?
- Som sagt var eg dagleg leiar på MS Sunnhordland då den vart henta heim til Stord. Eg fekk oppleva ein positiv haldning om å få den registrert i Norge og fekk god hjelp til bygging av ISM manual for skipet. I denne perioden blei eg godt kjent med sikkerhetskrav, små og store utfordringar den maritime næringa har. Eg er glad for at me har personar som brukar private midlar på å ivareta vår kystkultur. Når du er vaksen opp på ei øy, er det naturleg å vere knytt til sjø og båt frå barnsbein av.
Viktigste maritime sak i kommunen?
- Det må vere at kommunen klarer å skille kommunal eigedom og havneområde. Eg er glad i hamnelova. I tillegg er det viktig å sikre nok kaiareal i kommunen. Til valet i 2019 fekk me i Stord FrP kosta støv av planen med ny ytre molo på Leirvik. Me er glade for at fleire parti no ser nytta av den. Det er også viktig for oss å utvide kai på Eldøyane og ny kai med næringsareal på Sørstokken.
Beste maritime ferieminne?
- Det er nok alle dei turene me hadde i båt i Sunnhordland og Ryfylke i oppveksten og med eigen familie i voksen alder.