Kommentar: Lang natts ferd mot dag

I 2011 blei draumen om fiskerihamn på Søre Bømlo skapt av lokale eldsjeler i næringslivet. Tretten år etter blei hamna opna.

Fylkesordførarer i Vestland, Jon Askeland, klipper snora. Foto EHø/Maritimt Forum.

Det mangla ikkje på at det blei brukt symbolske bilete frå talarstolen sist fredag, alt i frå Paulus første brev til korinterane, til Brann stadion. Slik som at kjærleiken er størst av desse tre; tro håp og kjærleik, til at «gullet skal hem», med andre ord fisken.

Det alt dette likevel skulle seie noko om, er at dagen var stor. Ein av dei største i soga til Langevåg.

Ikkje då rart at Hillestveit skulekorps spelte «Gammel jegermarsj», noko så nær ein kan kome ein nasjonalmarsj.

Det første gjennombrotet kom i 2017 då fiskerihamna kom inn i andre planfase av Nasjonal Transportplan. Fleire gode krefter måtte trekkje i lag for å oppnå dette. Dernest står 2020 som eit merkeår. Då blei fiskerihamnene overført frå stat til fylkeskommunar, og på Bømlo kunne Vestland fylkekommune ta grep med garantiar. Viktig har det og vore at Kystverket og Karmsund Havn kom med på laget.

Det viktigaste av alt i dette prosjektet har likevel vore, slik me ser det, den lokalpatriotismen som har lege bak. Den har kome til uttrykk på ulike vis. Ikkje minst som under mønstringa av heile lokalsamfunnet i februar 2020.

- Politikarane har ikkje eit val, skreiv me då.

Men mest av alt at det lokale næringslivet sa seg viljuge til å forskuttera 165 millionar kroner.

– Slike gutar det vil gamle Noreg ha.

Ja, er me først på dette med kjente marsjer, trekk me likeså godt fram gymnastikklærar Johan Nicolaisen sin gamle gymnastikkmarsj, “Mot i brystet”.

For evnen til å halde ut, har vore avgjerande for at den største moloen i Noreg no har lege fiskerihamna i smult farvann og slik allereie har vore med til å leggje grunnlaget for investeringar for meir enn to milliardar i utviding av skipsverft, utviding av lakseslakteri, utviding av maskineringsfabrikk, investeringar i bløggebåtar, fiskefartøy og konsesjonar med påfølgande 155 arbeidplassar, mange av dei i Langevåg.

Og meir vil det bli. Så var kommentar er eigentleg såre enkel.

Gratulerer med dagen!

Mykje folk samla seg under opninga av fiskerihamna. Foto EHø/Maritimt Forum.

Kommentar v/ Sverre Meling, dagleg leiar i Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland.

Forrige
Forrige

Sudri Enabler inn på kontrakt

Neste
Neste

Sommertreff i strålende solskinn