Kommentar: Ein skål for vegen mellom aust og vest!
Opp dit og gjennom det skaret skal me. Meter for meter med hakk og spett. Er me berre komne dit opp, kjem vegen frå vest oss i møte.
Ikkje sjøvegen denne gongen. Nei, landevegen. Utan den, stoppar Noreg. Utan den, vil ikkje Karmsund Havn utvikle seg. Utan den, blir ikkje vareflyten optimalisert. Utan den, kjem me oss ikkje raskt på hytta…
Det var det siste strekket for rallar og slusk. Frå 1870 hadde dei bygd den nye køyrevegen vidare frå Botn. I 1874 var dei komne til nedanfor Hermodshola. Ein gong rundt 1880 blei det reist ei hytte oppe i Dyrskar slik at vegarbeidarane skulle få tak over hovudet i dei korte sumarnettene, mellom arbeidsøktene. Der kokte dei. Der kviskra dei lågmælt om ho heime. Der sov dei. Då var det gått om lag ti år. Nye ni år låg framføre før aust møtte vest.
Tru likevel ikkje det er den vegen du køyrer på i dag! Nei, slett ikkje, men den går parallelt. Du må berre sjå etter. På andre sida av Ulevåvatnet. Der du kan kjøpe geitost. Om ingen er til stades, tek du berre osten ut av kjøleskapet og overfører pengene digitalt. Slik skal det vere. I Noreg. Helst alle stader!
Så går du vidare. Oppetter den gamle vegen mot Dyrskar.
Somme stader er den rast ut. Ein stad ligg ein kampestein i vegen. Undrast når den kom rasande nedetter fjellsida? Men eit stykkje ingeniørbragd er vegen like fullt. Og ikkje minst eit stykkje solid arbeid. Musklar i spenn. Trevlete hender. Svette klær.
Å sitje på hytta å skrive dette med eit glas øl på bordet etter ein fin formiddagstur, synast litt feil, men korleis skal ein ordleggje seg når det no og er blitt klart at løyvingar til strekninga mellom Seljestad og Røldal er komen inn i statsbudsjettet for neste år. Jau, det går rett nok seint i landet vårt, men det går no ein gong frametter.
Eg løftar glaset i takksemd for alle dei som har gått føre oss og for framtida i det eg håpar på tilgjeving frå alle slitarar og ellers dei som har trudd at Maritimt Forum berre er oppteken av sjøvegen!
Kommentar v/ Sverre Meling jr. - dagleg leiar i Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland.