Ingeniør og nautikk går fram

Tala frå Samordna opptak er gode for ingeniørfaga ved Høgskulen på Vestlandet. - Det er positivt å sjå at vi har ein jamn auke på fleire av ingeniørutdanningane våre, seier pro-rektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal.

Anne-Grethe Naustdal. Foto HVL.

Frå og med årsskiftet 2023/24 er maskiningeniør og nautikk lagt inn under same instituttet som i sin tur er ein del av Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap der også andre ingeniørutdanningar høyrer heime.

- Samla for dei ulike ingeniørfaga, er det ein vekst på ni prosent ved HVL, mot sju prosent nasjonalt. Det er særleg data- og byggingeniør som trekkjer mange studentar i årets opptak, og på havteknologi og maskin er det konkurranse om å kome inn. Nautikkutdanninga i Haugesund går også svært godt, skriv HVL på eigen nettstad etter at Samordna opptak er klart.

Tala viser ellers at kvinneandelen på ingeniørutdanningane er stigande, det siste året har den auka med to prosent.

– Det er positivt å sjå at vi har ein jamn auke på fleire av ingeniørutdanningane våre. Det er stort behov for ingeniørar framover, og kompetanse innanfor grøn omstilling, berekraft og digitalisering er særleg etterspurt. Enkelte ingeniørfag har vore mannsdominert lenge, og det er ekstra kjekt å sjå at fleire kvinner søkjer seg til desse yrka, seier Naustdal.

Nautikkutdanninga ved HVL, campus Haugesund er særs populær. Foto HVL/Falkeblikk

(Tekst SMe)



Forrige
Forrige

Edda Wind Management og EMP Secure har i sommer inngått samarbeidsavtale

Neste
Neste

Går i full vigør mot de seksti