Får 5,7 millionar frå Ulla Førrefondet
Prosjektet «Goby Wave Charger» frå Rental Technology & Services AS (RTS) får millionstøtten til å vidareutvikla ein bølgjeladar.
Lars Melkevik (t.v.) er ingeniør hos RTS. Freddy Knutsen er medeigar og forretningsutviklar. Foto RTS.
- Goby-konseptet består av to lekamar som rør seg forskjellig i forhold til kvarandre. Denne forskjellen i rørslemønster gjer det mogleg å drive ein turbin som lagar elektrisitet og som gjer straum til utstyret som er montert på bøya. Den flytande bøya vil framover utviklast til å kunne lade for eksempel undervassbatteripakkar, gje straum til miljøovervakingsutstyr, lyttekablar og kunne kommunisere med desse, heiter det i Ulla Førrefondets omtale av tildelinga.