Fekk syn for sagn i Lisboa
Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) veit at norsk maritim næring er verdsleiande, men det styrkar trua å sjå det i røynda. Desto meir som verksemder i Sunnhordland fyller biletet.
Liv Kari Eskeland. I bakgrunnen kan ein sjå eit ladetårn frå Zinus.
Belem er ein bydel i den portugisiske hovudstaden. Den har fått navn etter staden Jomfru Maria nedkom med Jesusbarnet, men ein sumarnatt i 1497 var det andre enn hyrdane på marka som vakte. Vasco da Gama og mannskapet hans venta andektig før dei neste morgon skulle leggja ut på ferda mot sørspissen av Afrika for å runde denne og ta seg mot India og andre herlegdomar.
For å gjere ein lang historie kort. Lisboa er ein havne- og sjøfartsby framfor nokon. Ikkje minst sjøfartsmonumentet ved innseglinga til byen, nettopp i Belem, gjev uttrykk for dette der Henrik Sjøfararen står fremst i stavnen med Vasco da Gama, Magellan og andre sjøheltar som følgere i kjølvatnet hans. Det var uansett hit transportkomiteen på Stortinget nyleg reiste. På programmet stod å vitje havnen og eit fergerederi for å lære meir om mellom anna utslippskutt, landstrøm, digitalisering, handtering av cruisetrafikken og ellers alt som har med modernisering av havnedrift og sjøtransport å gjere.
– Det er riktig, men det som møtte oss, var langt på veg maritime verksemder og høgteknologi frå vår eiga region. Kanskje overdriv eg litt, men eg snakka ein del med styreleiaren for rederiet som driv fergetrafikken over Tejo, det vil seie elva som skil bykjernen i Lisboa på nordsida frå Setúbalområdet på sørsida, og han gav tydeleg uttrykk for kor imponert han var over verksemder som Zinus, Wärtsilä, The Switch og Corvus som hadde levert utstyr til hurtigbåten me var ombord i. Han kalla dei og næringsklynga dei representerer for verdsleiande, seier Liv Kari Eskeland.
Lading med Zinus-teknologi.
Og då snakkar me om nokon av dei fremste på grøne framdriftsløysingar for skipsfarten, for eksempel Zinus som leverer ladeløysingar til landstrøm og som allereie i 2021 fekk leveransen av tjue ladetilkoblingar for ti elektriske passasjerferger på Tejo.
– Zinus var godt synleg i havnen i Lisboa for å seie det slik, men eg er i grunnen oppteken av meir enn dette. Ja, den maritime teknologien vår vinn fram internasjonalt, men det er ikkje slik at dette er sjølvsagt inn i evigheita. Her må me trå til politisk for å sikre posisjonen. Eg meiner heimemarknaden er viktig for at verksemdene våre skal få utvikla seg best mogeleg, og faktum er at det går for seint med til dømes å få på plass nullutslippsmål i hurtigbåtflåten vår, eller å få ned utslippa i havnene våre. Regjeringa somlar, slår Eskeland fast.
Ho føyer til at vel kan Lisboa vere eit utstillingsvindu for både eigne sjøfartstradisjonar og for grøn, norsk, maritim teknologi, men at me helst skulle ha hatt eit slikt utstillingsvindu også her heime.
– Ja, det meiner eg, og Sunnhordland og Haugalandet stiller fremst i køen, avslutter stortingsrepresentanten frå Høgre.
“Her må me trå til politisk for å sikre posisjonen.”
Ombord under kryssinga av Tejo. Liv Kari Eskeland.
(Tekst SMe. Foto privat.)