Wärtsilä på lista over verdas mest berekraftige selskap for åttande året på rad
Wärtsilä har for åttande gong fått plass på Dow Jones Sustainability Index. Selskapet blei vurdert på resultata i 2022 og er rangert blant dei tre beste av verksemdene i sin sjanger.
- Å få ei slik påskjøning av arbeidet me gjer for åttande året på rad er jo veldig kjekt for alle som står på gjennom heile året. Det understreker det heilskaplege og langsiktige arbeidet vårt med berekraft, seier Hans-Petter Nesse.
- Denne gongen presterte Wärtsilä spesielt godt innan innovasjonsleiing og rapportering av tiltaka våre knytt til berekraft, held han fram.
Dow Jones Sustainabillity Index er ei årleg evaluering av store internasjonale verksemder sin praksis knytt til berekraft, tufta på økonomiske, miljømessige og sosiale kriterier.
(Tekst SMe basert på pressemelding. Foto Wärtsilä)