Vindafjord kommune med i Maritimt Forum

Mange av kommunane på Haugalandet og i Sunnhordland har lenge vore med, og no kjem altså også Vindafjord inn. – Høgst naturleg. Maritim næring veg tungt hos oss, seier Halfdan Krohn-Brekke.

F.v. ordførar i Vindafjord kommune, Ole Johan Vierdal, kommunalsjef samfunnsutvikling, Halfdan Krohn-Brekke og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen. Foto Vidafjord kommune.

Krohn-Brekke er kommunalsjef for samfunnsutvikling i kommunen.

– På sparket nemner eg Westcon, Arriva, Omega, Hatteland og AF Decom som verksemder med tilknytning til både maritim næring og til kommunen vår, utdjupar han.

Og med det seier Krohn-Brekke at det er snakk om så vel milliardomsetning som mange arbeidsplassar.

– Vindafjord har vekst i folketalet, faktisk 35 i første kvartal i år, og skal me lykkast med slik vekst frametter, er næringslivet vårt heilt avgjerande. Difor vel me å støtte opp om arbeidet i Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland.

Det var eit einstemmig formannskap som som nyleg sa ja til medlemskap.

- Maritimt Forum gjer ein viktig jobb for å fremje og støtte den maritime næringa. Eit medlemskap er fyst og fremst for å støtte dette arbeidet, men også for å i større grad ta del i nettverkene kring forumet. Den maritime næringa er ein viktig del av kommunens næringsliv, heitte det i saksframlegget til møtet.

Forrige
Forrige

Nytt medlem i Stavangerregionen: velkommen Danske Bank!

Neste
Neste

Sterkt av Solstad i Brasil