Støtte frå Sunnmøre regionråd til prosjektet Samarbeid for norsk maritim kompetanseberedskap

Sunnmøre regionråd har i sitt styremøte gitt sin fulle støtte til samarbeidsprosjektet norsk maritim kompetanseberedskap.

Kenneth Langvatn - Styreleder for Sunnmøre Regionråd og ordfører i Giske kommune. -foto Silje Giske

«Dette vil vere ein viktig milepæl for vidare utvikling av vår region, og vi støttar heilhjarta denne strategiske satsinga som også vil vere til fordel for heile Møre og Romsdal og for Noreg som heilskap», seier Kenneth Langvatn, Styreleiar i Sunnmøre regionråd.

Eit viktig løft for heile regionen

Sunnmøre regionråd seier i si støtteerklæring at etableringa og styrkinga av prosjektet «Samarbeid for norsk maritim kompetanseberedskap» er eit viktig løft for heile regionen.

Sunnmørsregionen har lange tradisjonar for samarbeid mellom næringsliv, utdanning og offentleg sektor, og dette prosjektet byggjer vidare på den sterke samhandlinga som allereie eksisterer. Ved å samle ressursane våre, både kompetanse og infrastruktur, kan vi møte dei nasjonale behova for ein robust maritim totalforsvarskapasitet.

Gjennom tett samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunen, næringslivet og utdanningsinstitusjonane kan vi sikre at utfordringane både i dag og i framtida vert handterte på best mogleg måte. Sunnmørsregionen er allereie ein nasjonal motor for skipsbygging og maritim innovasjon, og denne satsinga vil styrke heile regionen gjennom auka verdiskaping, fleire arbeidsplassar og styrka kompetanse.

Regionrådet ser også at ei slik satsing vil bidra til å styrke samarbeidet mellom ulike sektorar, og gi regionen ei enda tydlegare rolle i det nasjonale tryggleiks- og beredskapsarbeidet.

Den verbale støtta vi no får frå styret i Sunnmøre Regionråd, som representerer Norges største regionråd, bidreg til å sette temaet på dagsorden og i møtet kom der fram fleire gode innspel som vi tek med vidare
— Britt Giske Andersen, dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest.
Britt Giske Andersen

Britt Giske Andersen - foto Maritimt Forum Nordvest

- Etableringa av dette samarbeidet i Ålesund kan kunne bidra til at vi får fleire kvalifiserte fagfolk til både Forsvaret og det sivile, og det kan bli eit vesentleg bidrag til å oppfylle dei nasjonale målsettingane i Forsvarets langtidsplan. Til det treng vi ei mobilisering og vi treng tida, seier Britt Giske Andersen, prosjektleiar for samarbeidsgruppa og dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest.

Forrige
Forrige

Kommentar: «Maatte Skipsfarten trives i fremtiden, da vil det staa vel til i Norge» (Haakon Rex)

Neste
Neste

Over 620 elever på årets Offshore og Maritime dager