Maritim presentasjon av ordførerkandidatar - Øyvind Kyvik (Stord Høgre)
- Me ynskjer å utvide den viktige logistikk-hamna til Stord kommune på Eldøyane og tilretteleggje for at ein kan samestille for flytende offshore havvind i Sunnhordland, svarar mellom anna Øyvind Kyvik.
Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland vil frem til valget den 11. september presentere en del av regionens ordførerkandidater i de ulike kommunene. Alle kandidatene får likelydende spørsmål:
Alder?
- 35 år.
Yrkesbakgrunn?
- Utdanna ingeniør i frå Høgskolen i Bergen. Har jobba 12 år innan leverandørindustrien til olje og gass. Jobbar i dag som global leiar for klima i Aker Solutions.
Nærmeste tilknytning til maritim næring (personlig og/eller profesjonelt)?
- Bur på den flotta øya Stord og har alltid hatt ein interesse for å bruke havet. Bur i Sætravika 50 meter i frå sjøen. Eg tenestegjorde i marinen på eit av opplæringsfartøya til Sjøkrigsskulen og segla mykje i den vakre skjergarden i Vestland og Rogaland. Jobbar til dagleg i Aker Solutions som har fleire maritime prosjekt og veit kor betydeleg viktig den maritime industrien er for verdiskapinga.
Viktigste maritime sak i kommunen?
- Me ynskjer å utvide den viktige logistikk-hamna til Stord kommune på Eldøyane, byggje ny molo i Leirvik hamn, flytte Tømmervikkaien til Sør Stokken og tilretteleggje for at ein kan samestille for flytende offshore havvind i Sunnhordland.
Beste maritime ferieminne?
- Fisketurane med mine grandonklar utanfor Tittelsnes. Det var alltid spanande å sjå kor mykje lyr me kunne få samt å læra det å kjøra båt.