Maritim presentasjon av ordførarkandidatar - Gaute S. Epland (Stord AP)
- Utviding av den kommunale næringskaien på Eldøyane, er viktigaste maritime sak i Stord kommune, svarar mellom anna Gaute Epland.
Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland vil fram til valet den 11. september presentere ein del av regionen sine ordførarkandidatar i dei ulike kommunane. Alle kandidatane får likelydande spørsmål:
Alder?
- 42 år.
Yrkesbakgrunn?
- Lektor i historie ved Stord vgs.
Næraste tilknytning til maritim næring (personleg og/eller profesjonelt)?
- Stolt ordførar i ein kommune der maritim næring står veldig sterkt.
Viktigaste maritime sak i kommunen?
- Utviding av den kommunale næringskaien på Eldøyane.
Beste maritime ferieminne?
- Eg er glad i å vera på sjøen og har mange gode sommarminne frå båtturar i Sunnhordlandsbassenget.