Kommentar: HVL og vestlandsbyggverket frå fjord og fjærestein til fjelltopp

Det fyrste styremøtet mitt i Høgskulen på Vestlandet fann stad i Sogndal. Eg kjem ikkje frå elvebruset. Heller ikkje fjorden og fjella. - Kva har dette med meg, mitt og kystkulturen å gjere, tenkjer eg?

HVL sin campus i Sogndal ligg på Fosshaugane ved Sogndalselvi.

Det fyrste styremøtet mitt i Høgskulen på Vestlandet fann stad i Sogndal. Eg kjem ikkje frå elvebruset. Heller ikkje fjorden og fjella. - Kva har dette med meg, mitt og kystkulturen å gjere, tenkjer eg?

For eg kjem frå Haugesund og hadde dette med meg i bagasjen til om ikkje inst i Sognefjorden, så ikkje så langt der i frå. I alle fall nestan heilt inst i Sogndalsfjorden.

Eg har vore i Sogndal før, men ikkje på campus til HVL. Heller ikkje med Gunnar Ytttri som guide. Jau då, som rektor var han på sett og vis guide i sjølve styremøtet og, men det blei tid til litt meir.

Han fortalde at langt tilbake i tid, var sogningane sterkare knytt til kysten og til byane der, ikkje minst til Bergen, enn kva det blei til i seinare tid, og relativt sett var det fleire sogningar som utvandra til Amerika enn frå andre stader. Det må ha hatt med fattigdom og mangel på jord å gjere, samstundes med auke i folketalet. Det var i det minste slik eg forstod det han sa.

Slaget ved Fimreite, tenkte eg. At kong Sverre og kong Magnus Erlingsson barka saman med skipa sine ved innløpet til Sogndalsfjorden. At det var her Sverre blei einekonge i Noreg. I 1184, men kvifor langt inne i ein fjord på Vestlandet? Jau, kanskje nettopp fordi kyst og fjord den gongen var nærare knytt saman. Båten var framkomstmiddel.

Sogndal sett frå Fosshaugane.

Så blir spørsmålet korleis det er med dette i dag?

Ikkje fiskar dei særleg med brisling lenger i verken Sognefjorden eller Sogndalsfjorden, trur eg. Med desse fiskeria var det i alle fall noko likt med Haugesund og sildefiskeria. Men me må tilbake i tid for å finne brislingfisket som ei attåtnæring for sogningane. Ikkje slik no lenger, trur eg. Sjølv om dei små husa fortsatt kryp saman nede i Sogndalsfjøra. Der dei som ikkje fann plass på gardane budde. Fleire ugifte mødre, så vidt eg forstod på rektor. Sikkert ein del sosial uro. I alle fall slik at Ivar Aasen vart litt engsteleg då han ein sumar i 1840-åra budde i Sogndalsfjøra for å samle språkprøver.

For å lage det norske språket, som det heiter i Sogndal. Ikkje verken landsmålet eller nynorsken. Dei får ha bokmålet sitt i byane på kysten. I Bergen og i Haugesund.

Nei, eg trur me må til den massisve vegutbyggjinga langs deler av Sognefjorden for å finne noko som på ny må ha auka samkvemmet mellom fjord og kyst. Så har det og kome noko heilt nytt inn. No heilt i det siste. I 2017, då HVL vart skipa.

Me kan undrast til me blir gule og blå kva Vestlandet og vestlendingen eigentleg er for noko. Har me i det heilte tatt noko til felles, eller kretsar dei ulike regionane i landsdelen som planetane rundt solen, det vil seie rundt Oslo som den milde gjevaren av midlar så vel til vegutbyggjing som høgskuleutbyggjing? Planetar og regionar i sola sitt gravitasjonsfelt, men einsame kvar for seg.

Eg skal ikkje svare. Det får bli til ein annan gong å karakterisera Vestlandet og vestlendingen, men om HVL har eg likevel noko å seie.

Høgskulen har fem campus. I Haugesund, Stord, Bergen, Førde og Sogndal. Om få år er høgskulen blitt universitet. Universitetet på Vestlandet. Likesom Gulatingslagen ein gong batt saman landsdelen, vil kunnskaps- og kompetanseproduksjonen ved det som er noverande HVL kunne binde saman Vestlandet. Men ikkje berre med kunnskap og kompetanse, og ved å skape ein kjensle av identitet.

Så kjem eg altså ikkje bort frå dette bruset frå Sogndalselvi som renn forbi HVL sin campus på Fosshaugane. Eller frå fjorden og fjella. Det må gjere noko med både fastbuande og studentar. Både stille og rørsle på same tid. Eg trur det gjer godt for ein haugesundar eller bergensar å kome inn hit. Men ein må tilpassa seg. Ein må byggje lag. Ein må ville noko.

Det gjeld også Høgskulen på Vestlandet. Målet må vere å byggje Vestlandet, som ein del av det norske, jamvel det internasjonale. For vestlendingar sjølve, og for alle dei som ser moglegheitene i landsdelen vår.

Stor vassføring i Sogndalselvi.

Kommentar v/ Sverre Meling jr. - dagleg leiar i Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland.

Forrige
Forrige

Skaper verdier i lokalmiljøet

Neste
Neste

Tor Husjord hedret for lang fartstid i Maritimt Forum