Kommentar: «Einige og tru inntil Dovre faller!»

Under ein bergnabb ligg Noreg sitt eldste ivaretekne rettslokale. Ikkje berre det. Under ein bergnabb ligg Noreg sitt best ivaretekne klyngjetun. Dei to, eller skal me heller seie tre, høyrer saman.

Eit av husa under bergnabben ovanfor Agatun i Hardanger.

Bergnabben, rettslokalet og klyngjetunet. Bergnabben gjev skydd for snø- og steinras nedetter fjellsida. Raset spreier seg. Rettslokalet gjev skydd for uvilkårleg framferd mot einskildmennesket. Klyngjetunet gjev skydd mot utanforskap og einsemd.

Me er på Agatun i Hardanger. Langt i frå skipsfarten.

Eller?

Midt i tunet ligg ein bolig der ein jekteførar budde. Var det ikkje Knutsen han heitte? Mange av hans slag brakte kunne om sjøtransport til kysten på 1800-talet. Slik blei mang ein sjøfartsby til.

Men tunet i Hardanger står der nær slik det har stått der sidan 1200-talet. Sidan Gulatingslagmannen, riddaren og riksråden Sigurd Brynjulvsson las det som i dag, i form av eit diplom, er Noreg sin eldste, kjente domsavgjerd, avsagt den 26. mai 1293 på grunnlag av Magnus Lagabøte sin landlov frå 1274.

I år feirer me 750-års jubileet for Landslova. Eg vil og seie; me feirer Frostatingsloven oppe i det heile, saman med all lovgjeving som gjekk føre Landslova, og har gått etter.

I Frostatingsloven heiter det nemleg:

«Med lov skal landet vårt byggjast, og ikkje med ulov øydast.»

Kva dette skal tyde i dag, må kvar einskild ta stilling til, men den gamle tradisjonen legg ei bør av ansvar på skuldrene våre. Lovarbeid handlar om å skape ei forutseieleg notid og framtid. Det synast ikkje alltid som alle politikare har forstått dette.

Likevel; bergnabben over Agatunet har gjeve skydd til rettslokalet, rettshandsaminga, einskildmennesket og fellesskapet på staden i århundre. I alle fall om me ser stort på det. Overtramp har alltid skjedd, … og skjer. Det får so vere. Bergnabben skal uansett ingen få sprengje bort. Om nokon skulle tenkje slikt, seier eg heller med representantane på Eidsvoll etter at Grunnlova var blitt vedteke med sine demokratiske rettsstatsprinsipper og Christian Frederik var blitt vald til konge:

«Einige og tru inntil Dovre faller!»

So fer me berre hugse at like var dei ikkje alle saman, desse Eidsvollsmennene. Heller ikkje trygge på vegen vidare.

Me har tross alt noko å lære av dette og, … oppi alt det politiske kivet.

Døren inn til rettslokalet på Agatun er frå 1811, altså langt yngre enn frå då rettshandsaminga tok til her, men satt inn tre år før Riksforsamlinga kom saman på Eidsvoll.

Kommentar v/ Sverre Meling jr. - dagleg leiar i Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland.

Forrige
Forrige

Sjefen for Sjøforsvaret til Haugesundkonferansen i den maritime uken i september

Neste
Neste

Studiestart ved HVL - nautikkstudenter ønsket velkommen