God auke i lokale søkjartal til vidaregåande maritim utdanning
Bømlo vidaregåande skule kan skilte med 28 prosent oppgang frå i fjor i søkinga til Vg2 Maritime fag. Lokale søkjartal for Maritim elektrikar er og sterke.
Tala kjem frå Maritimt Opplæring sørvest.
– Ja, me kan vere godt nøgde. Kanskje med eit lite unnatak for Austevoll der søkinga har gått ned med tre prosent til Vg2 Maritime fag, seier rekrutteringskonsulent Aina Lehmann.
Karmsund vidaregåande skule i Haugesund har ein oppgang frå i fjor i søkjartalet til Vg2 Maritime fag på 6,5 prosent medan oppgangen for Vg3 Maritim elektrikar er på heile 56 prosent. Skuleskipet Gann aukar med 13 prosent på Vg2 Maritime fag og med 25 prosent på Vg1 Elektro.
På landbasis er auken i søkjartalet til Vg2 Maritime fag på 11 prosent, medan Vg3 Maritim elektrikar aukar med 16 prosent.
(Tekst og foto SMe)