Fagskolen Rogaland får fagområdeakkreditering i maritime fag

Som første fagskule i landet har Fagskolen Rogaland fått fagområdeakkreditering i maritime fag. Dermed kan dei sjølv oppretta fagskuleutdanningar innanfor dette fagområdet.

Jan Tore Tønnesen Nilsen leder Fagskolen Rogaland sin maritime avdeling i Haugesund.

Styret i NOKUT har i dag godkjent Fagskolen Rogalands søknad om fagområdeakkreditering innanfor maritime fag. Dette er skulens fjerde fagområdeakkreditering, og den andre dei har fått godkjent i 2024.

Med utvida fullmakter innan maritime fag kan Fagskulen Rogaland sjølve opprette og endra fagskuleutdanningar innanfor fagområdet, fortel NOKUT-direktør Kristin Vinje.

– NOKUT gratulerer Fagskolen Rogaland med den første fagområdeakkrediteringen innan maritime fag i Noreg. Dei vil no ha utvida fullmakter på fire store og viktige fagområde, og dei er dermed svært godt rusta til å tilby oppdatert utdanning innan ulike fagområde som næringslivet treng både på kort og lang sikt, seier Kristin Vinje.

Retta mot sjøfart og maritim næring

Fagområdet som no er godkjent, inneber at Fagskolen Rogaland sjølv kan etablera og endra fagskuleutdanningar som kvalifiserer til yrkesutøving innan maritime fag regulert av forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk og internasjonale kodar og konvensjonar, gitt av International maritime organization (IMO).

Fagområdet inneber også at Fagskolen Rogaland no sjølv kan etablere og forandre fagskuleutdanningar som kvalifiserer for yrkesutøving i nært nærskylde fagområde og/eller tenester retta mot sjøfart og maritim næring. Det er også konkludert med at fagområdet femner operasjonell maritim og marin verksemd frå, til og ombord på fartøy og skip, i tilknyting til forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk. Fagområdet dekkjer likevel ikkje den delen av marin næring som omfattar matproduksjon.

Om Fagskolen Rogaland

Fagskulen i Rogaland er ein offentleg fagskule og har Rogaland fylkeskommune som eig. Fagskulen tilbyr helse- og oppvekstfag, petroleumsutdanningar, tekniske utdanningar og økonomisk-administrative utdanningar i Stavanger og maritime offisers- og leiarutdanningar i Haugesund.

Fagskulen Rogaland hadde 1 793 aktive studentar og 81 tilsette per desember 2023 .

Fagskulen fekk akkreditering for fagområdet helse og oppvekst i 2022, for fagområdet økonomi og administrasjon i 2023 og for fagområdet teknisk i 2024.

I november 2022 blei fagskulen tildelt pilot for Senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning. Senterordninga skal gi framifrå fagskular ressursar til å jobbe langsiktig med kvalitetsutvikling og innovasjon i høgare yrkesfagleg utdanning. Ordninga skal også stimulere til auka samarbeid mellom fagskular og mellom ulike utdanningsnivå og styrkt samarbeid med arbeidslivet.

(Tekst henta frå pressemelding NOKUT.)

Forrige
Forrige

Maritimt Forums beredskapsforum godt besøkt

Neste
Neste

Vaktskiftet markert internt i Maritimt Forum