Eskeland nøgd med Co2-vedtak på Høgre-landsmøtet
Det dreier seg om at fiskerinæringa skal få fritak frå Co2-avgifta. - Som vestlendingar er me naturleg nok opptekne av fiskeri- og havbruksnæringane, slår stortingsrepresentanten frå Sunnhordland fast.
Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Høgre deltok på partiet sitt landsmøte i helga.
- Næringa har sjølv varsla at Co2-avgifta er krevjande for fiskeriflåten. Den er ikkje særleg treffande både fordi det i all hovudsak ikkje finst andre alternativ enn dagens teknologi basert på diesel og anna type bunkers. Særleg gjeld dette dei store fartøya. Rett nok finst det ei kompensasjonsordning, men ordninga er likevel ei økonomisk belastning for mange. Det er òg eit problem med ordninga at det er mykje byråkrati knytt til den, seier Liv Kari Eskeland.
Co2-avgifta fører til at fleire fiskefartøy nå bunkrar i utlandet, noko som også føre til at leveringsmønsteret endrar seg.
- Det kan dreie seg om kvar fisken vert «landa», eller kvar ein vel å gjera service på båtane. Frå dei lokale aktørane vert det varsla at Danmark ofte blir brukt for bunkring. Dette forsterker seg jo lengre sør ein kjem langs vestlandskysten, seier ho.
Eskeland meiner at om dette skjer vil det føre til at båtane går lenger, og utsleppa vert høgare. Ho poengterer at sidan nesten ingen EU-land har Co2-avgift i fiskeria, har det òg vore ei konkurranseulempe for norske fartøy.
“Landsmøtet har no vedteke at me kuttar ut heile Co2-avgiftsordninga for fiskeria våre.”
- I programutkastet hadde Høgre eit forslag som ville avhjelp nokre av ulempene med Co2-avgifta, men landsmøtet har no vedteke at me kuttar ut heile ordninga for fiskeria våre. Forslaget kom frå Møre og Romsdal Høgre, og blei støtta av Vestland Høgre og mange andre lag, smiler Eskeland.
Landsmøtet til Høgre vedtok at partiet vil «gje fiskerinæringa levedyktige konkurransevilkår med samanliknbare land gjennom å gi fritak for Co2-avgifta for fiskeriflåten. Det finst ingen fullgode grøne alternativ i dag og fiskeriflåten må få rom til grøn omstilling».
- Me må dirfor ha full kraft på innovasjon og utvikling av fiskeflåten slik at flest mogeleg kan nytte seg av ikkje-forsil drivkraft når det ligg til rette for dette. Alt nå ser me at det finst løysingar for mindre fartøy knytt til batteri, hydrogen eller andre løysingar, men førebels er ikkje dette godt nok rulla ut. Me må framleis gje insentiv for å fremme denne omstillinga, men enn så lenge må me sørgje for at me ikkje legg opp til at fiskeriflåten føretrekk å reise til Danmark eller andre land for å bunkre, avsluttar ei nøgd Eskeland.
(Tekst basert på Liv Kari Eskeland sin stemningsrapport frå landsmøtet.)