Eastern Pacific Shipping og Nysnø Klimainvesteringar investerer i Zinus
Dei to investorane går saman om å investere 50 millionar kroner i Zinus på Bømlo. Selskapet produserer landstraum og ladeløysingar for maritim sektor.
– Dei nye medeigarane tilfører betydelig styrke til verksemda vår, noko som gjer det mogleg for oss å akselerere veksten og vidareutvikle berekraftige maritime teknologiar, seier Endre Eidsvik, administrerande direktør i Zinus.
Etter ein retta emisjonen på 50 millionar kroner får EPS Ventures, investeringsarmen til Eastern Pacific Shipping (EPS), og Nysnø plass som aksjonærar i Zinus. Begge investorane vil også ta sete i verksemda sitt styre.
- Dette forsterkar ytterlegare bidraget deira til Zinus. Dei eksisterande aksjonærane, LOS Gruppen, Eviny Ventures og DSD, vil halde på sine aksjepostar og halde fram med å støtte verksemada sin visjon og vekststrategi, heiter det i ei pressemelding.
Nysnø Klimainvesteringar sitt oppdrag er å gjere lønnsame, langsiktige investeringar som bidrar til klimagassreduksjon.
- Med innovative teknologiløysingar adresserer Zinus ei kritisk utfordring i skipsfarten, som står for 3 prosent av dei globale utsleppa. Noreg si styrke i maritim sektor gir ein unik moglegheit, og Zinus, med base på Bømlo, har oppnådd ein framståande global posisjon. Investeringa vår søkjer å støtte deira internasjonale vekst og bidra til avkarbonisering av sektoren, seier Yvonne Silden Langlo, Senior Investment Manager i Nysnø.
“Noreg si styrke i maritim sektor gir ein unik moglegheit, og Zinus, med base på Bømlo, har oppnådd ein framståande global posisjon.”
Eastern Pacific Shipping er eit av verdas største privateigde shippingselskap med eit mål om å fremje maritim innovasjon gjennom venturearma si EPS Ventures.
(Tekst SMe tilpassa etter pressemelding.)