Teekay og Wärtsilä med banebrytande nytt skytteltankar-konsept

Publisert 9. January, 2018

Teekay har i nært samarbeid med Wärtsilä utvikla eit nytt konsept for skytteltankarar. Konseptet tilbyr eit heilt nytt nivå av miljøvennlege og økonomiske løysningar for denne type skip, tufta på ny og innovativ bruk av teknologi

Det nye skytteltankerkonseptet gir både økonomiske og miljømessige fordeler for eiere. Illustrasjon Teekay

Kontraktar til 1,1 milliard
Konseptet tilbyr eit heilt nytt nivå av miljøvennlege og økonomiske løysningar for denne type skip, tufta på ny og innovativ bruk av teknologi.

Teekay, verdas største leverandør av skytteltankartenester, har kontrahert fire fartøy av denne nye generasjonen bøyelastarar. Skipa skal byggast av Samsung Heavy Industries (SHI) i Sør-Korea. Dei vil innehalde eit bredt spekter av Wärtsilä sine siste teknologiske innovasjonar, som alle er heilt sentrale for konseptet sine samla forbetringar. Kontraktane med Wärtsilä, til ein samla verdi på over 110 millionar euro (ca. 1,1 milliardar kroner), blei inngått i desember 2017 og januar 2018.

Det nye konseptet er utvikla i elektro- og automasjonsmiljøet på Heiane og Wärtsilä Gas Solution i Asker, i nært samarbeid med Teekay sit avdelingskontor i Stavanger. Teekay kom til Wärtsilä på Stord for å få hjelp til å utvikla noko heilt nytt.

Og kva er så det nye?
Det nye konseptet har ei rekke miljømessige og økonomiske fordelar, og er forventa å redusera årlege utslepp av CO2-ekvivalentar med meir enn 40 prosent sammenligna med konvensjonelle bøyelastarar. Dette kan samanliknast med ein miljøgevinst for kvart skip tilsvarande utslippet frå 30.000 personbilar pr. år. I tillegg til å nytta flytande naturgass (LNG) som hovuddrivstoff, vil dual fuel-motorane også kunne køyra på ei blanding av LNG og gjenvunne flyktige organiske forbindingar (VOC), gassen som fordampar frå oljetankane under lasting.

Ved å utnytta gjenvunnen VOC som drivstoff i staden for å sleppa gassen ut i atmosfæren, vil dei skadelege utslippa bli eliminert og skipet si trong for bunkrig vil bli monaleg redusert. Konseptet tyder også at utsleppa av nitrogenoksider (NOx) frå motorane sin eksos vil bli redusert med meir enn 80 prosent, at svoveloksidutsleppa (SOx) nesten blir eliminert, og at partikkelutsleppa vil bli redusert med meir enn 95 prosent. Desse miljøfordelane blir tett fulgt av like viktige økonomiske fordelar, blant anna i form av ein stor reduksjon i drivstofforbruk samanligna med konvensjonelle løysingar.

Grøn skipsfart
– Saman med Teekay har me utvikla et konsept som tek skytteltankaren inn i ei ny tid. Konseptet er nok ei stadfesting på at Wärtsilä har emna til å gjera shippingnæringa grønare og meir lønnsom gjennom å utvikla og ta i bruk ny teknologi. Desse skipa vil ha enorm operativ fleksibilitet, og oppnå det alle operatørar i dag ønskjer, nemleg optimale miljømessige og økonomiske ytingar, seier Roger Holm, President, Wärtsilä Marine Solutions.

– Dette nye skytteltankerdesignet vil setta ny standard både for CO2-utslipp og drivstoff-forbruk, supplerer Terje Rusdal, prosjektleiar i Teekay.

Hybrid framdrift
Wärtsilä si hybridøysing er sjølve hjarta i konseptet, og systemet vil gje lågare bruk av drivstoff, ei betre handtering av effekttoppar under operasjon, og tilføra ekstra systemredundans. Dette vil igjen påverke hovudmaskineriet direkte og resultere i reduserte arbeidstimar for motorane, med tilhøyrande lågare vedlikehaldstid og kostnadar.

(Tekst basert på pressemelding frå Wärtsilä Norway)