Lanserer nytt lånetilbod for skip

Publisert 27. June, 2018

Frå måndag 25. juni kan Eksportkreditt Norge gi lån for kjøp av skip frå verft i Noreg til bruk i Noreg

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen på havturné i Kirkenes tidlegare i år. Her på besøk hos Kimek. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Det nye tilbodet gjeld for skip som til dømes ferjar, fiskebåtar, brønnbåtar og båtar til nærskipsfart.
– Eg er glad for å melde om at Eksportkreditt Norge sitt tilbod frå måndag vil bli utvida til å kunne tilby marknadslån til skip som blir bygt i Noreg og skal brukast i Noreg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Skipsfinansieringsordninga er ei ny, mellombels låne- og garantiordning for kjøp av skip frå norske verft, når desse skipa skal brukast i Noreg. GIEK sin garantiramme er på 10 milliardar kroner i 2018.
– Dette er eit relevant og treffsikkert tiltak som vil føre til auka aktivitet på norske verft og til at vi beheld kompetanse og arbeidsplassar i Noreg. Ordninga kan auke verdiskapinga i Noreg og bidreg til omstilling og ein berekraftig velferdsstat, seier Røe Isaksen.

Ordninga er treårig og skal evaluerast. Eksportkreditt Norge gir lån på marknadsvilkår, og GIEK gir garantiar på like vilkår med bankane. Formålet er at reiarar i Noreg oppnår finansiering på marknadsvilkår, og dermed medverke til auka aktivitet for skipsverft i Noreg.

Les meir om skipsfinansieringsordninga på nettsidene til Eksportkreditt Norge og GIEK.