Ber om utvida rammer og mandat for GIEK

Publisert 7. March, 2018

Kjersti Kleven har skrevet brev til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen om rammene og mandatet til GIEK. Kleven Maritime, Mafoss og Maritimt Forum Nordvst har også signert. Her følger brevet:

Ramme og mandat for Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK)

Vi ynskjer med dette å rette politisk merksemd mot den viktige rolla Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) spelar for norske skipsverft i den utfordrande perioden bransjen er inne i. Vi ynskjer å trekke fram to forhold som vil vere avgjerande for verfta si evne til å få byggelån hos kommersielle bankar framover:

  1. GIEK si totale ramme for byggelånsgarantiar
  2. Avgrensinga i kor stor andel av byggelånet GIEK kan garantere for

Etter at den viktige offshoremarknaden fall bort «over natta» som konsekvens av oljeprisen og ein metta marknad, fekk norske skipsverft raskt kontraktar i nye marknader; fiskebåtar, ferjer, havbruk, havvind og mineralindustri, ekspedisjonsfartøy og ikkje minst passasjerskip. Omstillinga til nye marknader har likevel vore utfordrande, kontraktar er tatt i sterk konkurranse og dei fleste store norske verfta slit framleis med innteninga.

Bankane som tradisjonelt har ytt byggelån til verfta har i den same perioden stramma inn sin lånepraksis overfor skipsbygging. På bakgrunn av si risikovurdering, signaliserer bankane at dei i enda større grad enn tidlegare vil nytte GIEK si ordning for byggelånsgaranti. Samtidig er dei bekymra for om GIEK med dagens ramme og mandat vil vere i stand til å strekke seg så langt som bankane ynskjer/treng.

GIEK si ordning for byggelånsgarantiar overfor kommersiell bank

Ordninga fungere i korte trekk slik at banken – eller fleire bankar i fellesskap – yter verftet lån for bygging av båten. Banken søker så GIEK om garanti for inntil 50% av lånet, slik at banken sin reelle risiko er 50% av lånet som er ytt verftet. Oftast er det krav om at verftet har lagt ned inntil 20% eigeninnsats i skipet før lånet kan opnast, krav verfta no opplever blir heva, t.d. opp mot 30%. Det siste pressar verfta sin likviditet vesentleg.

Byggelånsgarantiane er ei svært viktig og vellykka ordning for skipsindustrien. Den aukar dei kommersielle bankane sin kapasitet overfor næringa vesentleg. Ordninga er begrensa av GIEK si ramme og den sjølvpålagde regelen i Norge om at GIEK ikkje kan gi garanti for meir enn 50% av byggelånet. Både ramme og mandat blir gitt av Nærings- og Fiskerideprartementet. GIEK sitt mandat er elles underlagt regelverk frå OECD, men desse to forholda kan bestemmast nasjonalt.

Ramme for ordninga

GIEK varslar at med dei kontraktane som no er under forhandling ved norske verft, så vil ramma vere oppbrukt rundt første halvår 2018. Ramma er på NOK 5 mrd og NOK 4 mrd er disponert. Vi har tidlegare opplevd at det har vore «uproblematisk» å få ramma auka når det har vore behov for det og vi forutsetter at det skal skje også denne gongen.

Vi vil likevel peike på at det for verfta sin konkurransesituasjon er viktig å vite at ramma hos GIEK ikkje blir eit problem om ein får kontrakta. Derfor er det viktig at det til ei kvar tid er disponibel ramme hos GIEK som er større enn behovet. Dette er ikkje ein kostnad for staten, men viktig for forutsigbarheita til næringa.

Garantinivå

I ein situasjon der bankane viser tilbakeholdenheit overfor næringa, er den norske sjølvpålagde grensa på 50% av byggelånet ei begrensing som trugar verfta si evne til å finansiere nye kontraktar framover. Det svekkar også den internasjonale konkurranseevna, då næringa opplever at andre land praktiserer ei meir fleksibel grense. I tillegg er det andre ordningar i GIEK-systemet som ikkje har ei slik grense, så vi kan ikkje sjå nokon logikk i at dette skal gjelde særskilt for byggelån til skipsbygging. Til dømes er den nye «Internasjonaliseringsgarantien» ei ordning der ¾ av ei investering kan garanterast av GIEK overfor kommersiell bank.

Konklusjon

Norske verft er framleis i ei svært utfordrande omstillingsperiode inn i nye marknader. Ein kritisk faktor for å kome gjennom den «læreperioden» ein no er inne i og etablere seg i dei nye markandane, er å få finansiering til nye kontraktar. Her er GIEK si rolle avgjerande i samspel med kommersielle bankar.

GIEK si byggelånsgarantiordning er ikkje ein kostnad over statsbudsjettet, då den går i balanse. Vi ber ikkje om pengar, men om at den treff verfta betre i den perioden vi er inne i. Vi ber Næringsministeren om å sikre forutsigbarheit gjennom å auke GIEK si ramme for byggelånsgarantiar, samt å oppheve den særnorske grensa på 50% garanti av byggelånet.

Om ynskjeleg stiller vi gjerne til møte for å konkretisere saka.

Med vennleg helsing

Kjersti Kleven                                                                                 Olav Tanberg
Styremedlem og medeigar                                                               CFO og konst. CEO
Kleven Maritime Invest AS                                                             Kleven Maritime Invest AS
Koordinator for bedriftene i MARUT Strategisk Råd

Terje Høybakk/sign.                                                                     Arnfinn Ingjerd/sign.
Dagleg leiar                                                                                         Dagleg leiar
Maritim Forening for Søre Sunnmøre                                            Maritimt Forum Nordvest

 

Kopi: Mørebenken v/Stortingsrepresentant Helge Orten