Gir skipsfarten ei nøkkelrolle

Publisert 13. April, 2018

Liv Kari Eskeland (H) gir skipsfarten ei nøkkelrolle i den grøne omstillinga. – Den er utruleg framoverlent, seier ho.

Liv Kari Eskeland

Høgre har vedteke ein resolusjon på landsmøtet sitt om grøn omstilling. Som seg hør og bør for eit konservativt parti, heiter det i innleiinga at ein må endre på noko for å ta vare på resten.

Kravet til endring tek utgangspunkt det som skjer med klimaet.

– Dersom Noreg skal nå målet om 40 prosent reduksjon i klimagassutslipp innan 2030, må skipsfarten vere ein del av omstillinga. I maritim næring kan utviklinga av nullutslippsløysingar også vere ein viktig konkurransefordel i åra framover, seier stortingspolitikar frå Hordaland, Liv Kari Eskeland på telefon frå Brussel og reise med Energi- og miljøkomiteen.

Under Høgre sitt landsmøte nyleg var ho med å arbeidde fram den omfattande resolusjonen om grøn omstilling.

– I resolusjonen peiker me i fleire samanhenger på den maritime næringa. Den er utroleg framoverlent og ein del av løysinga, seier Eskeland.

Mellom anna har Høgre med desse punktene i resolusjonen:

  • Stille klare klima- og miljøkrav i offentlege anbodsprosessar.
  • Stimulere til økt bruk av hydrogen for å redusere klimagassutslipp.
  • Stimulere til satsing på flytande havvind, mellom anna gjennom å utarbeide forskrift for åpning og tildeling av konsesjonar for havvind på norsk sokkel.
  • Reie ut krav til null- og lavutslippsløysningar for maritime tenester i alle nye olje- og gasskonsesjonar.
  • Implementere sterkare reguleringar mot utslipp frå cruiseskip.

(Tekst og foto SMe)