Doktorgrad på ballastvatn i samarbeid med Knutsen OAS

Publisert 3. July, 2016

Ranveig Ottøy Olsen

Ranveig Ottøy Olsen

Ranveig Ottøy Olsen er HSH sin ferskaste fagtilsett med doktorgrad. Ho har gjort doktorgraden med Knutsen OAS som hovudbidragsytar.

Doktorgraden er meir spesifikt om UV-lys, uynskte mikroorganismar og ballastvatn. Gjennom fleire år har Ranveig Ottøy Olsen arbeidd med utfordringa i marine økosystem, kor uynskte mikroorganismar blir spreidd til nye geografiske områder med vatn frå ballasttankane på skip.

– Overlever organismane og klarar å tilpasse seg i det nye miljøet, kan dei føre til bioinvasjon som kan få negative konsekvensar for økosystemet, samt at dei kan føre til økonomiske og helserelaterte problem, skriv HSH på sine nettsider.

– Ja, me har vore bidragsytar i dette arbeidet fordi me treng kunnskap om kor verknadsfulle våre ballastsystem er, seier Per Lothe hos Knutsen Technology. Han har lenge arbeidd med Knutsen sin teknologisatsing for handsaming av ballastvatn (KBAL).

Per Lothe seier at Knutsen har god nytte av arbeidet Ottøy Olsen har gjort.

Ranveig Ottøy Olsen har utvikla ein rask og god metode for å evaluere levedyktigheten på algar etter ulike dosar av UV-stråling, for å kunne gje anbefalingar ved handsaming av ballastvatn. Doktorgraden hennar har slik tittel:

«Flow cytometry detection of phytoplankton in UV disinfected water. Implications for ballast water treatment and analysis».

IMO har vedteke reglar for korleis ein skal ta hand om ballastvatn.

Det har diverre ikkje lukkast oss å få tak i Ottøy Olsen for ein kommentar.

(Tekst SMe. Foto HSH)