AP og Magne Rommetveit vil ha meir til kystformål

Publisert 15. November, 2017

Magne Rommetveit

I Arbeidarpartiet sitt alternative statsbudsjett blir støtten til fiskerihamner dobla. Partiet legg inn 210 millionar kroner til kystformål utover regjeringa sitt forslag. Fiskerihamna i Langevåg er ikkje gløymd.

– Me blei stemt ned då me før sommaren la inn fiskerihamna i Langevåg på Bømlo i første planfase av NTP. Likevel vil det alternative budsjettet vårt vise ei meirsatsing på kystformål, inkludert fiskerihamner, men i 2018-forslaget vårt er det helst foreslått løyvingar til ferdiggjeringar og igangsetting av prosjekt som har kome lenger i planfase, seier Magne Rommetveit (AP).

– Kva då med fiskerihamna i Langevåg?

– Langevåg er ikkje spesielt nevnt i forslaget vårt for 2018, men er slett ikkje gløymt, eller på nokon måte vekkprioritert når det gjeld den vidare fiskerihamnprioriteringa vår i denne stortingsperioden. Fiskerihamna i Langevåg er eit svært godt prosjekt, der statlege løyvingar til molobygging vil gje skikkelege hamneforhold for den største pelagiske trålarflåten vår. Det vil utløyse store tilleggsinvesteringar frå lokalt næringsliv og dermed innebere mange nye arbeidsplassar, svarer Rommetveit.

(Tekst og foto SMe)