Takk for samarbeidet!

Publisert 11. September, 2017

Når valgdagen no er her vil alle vi i Maritimt Forum gjerne få takke politikarane for alle bedriftsbesøk, at de har stilt opp på arrangement og debattar vi har arrangert, ikkje berre i valkampen med gjennom heile stortingsperioden. I Maritimt Forum er vi svært glade i politikarane våre. Dei er lette å komme i kontakt med, dei lyttar og viser vilje til å sette seg inn i saker. Norske politikarar har også god kunnskap om den maritime næringa. I denne perioden har hav og grøn skipsfart fått særlig fokus.

Havnæringane er peika ut som næringane som har eit særleg potensiale til å skape nye verdiar og nye eksportinntekter. Eit samla Storting har slutta opp om saker som bygging av forskingssenteret Ocean Space Centre i Trondheim og gitt tverrpolitisk støtte til tiltak som gjer at vi fraktar meir gods sjøvegen framfor på lastebilar. Politikarane har spurt «Korleis kan vi støtte opp under utviklinga av norsk grøn maritim miljøteknologi?». Vi har forsøkt å bidra med fakta, vist fram gode eksempel frå næringa og satt politikarar og bedrifter i kontakt med kvarandre. Det skal vi også gjere etter valet. Vi synes vi er heldige så får så mykje merksemd i valkampen, men vi synes ikkje det er heilt ufortent.

Takk for samarbeidet, og godt val!

Jonas Gahr Støre på Maritimt Forums møte om teknologioverføring i havnæringene