Dette verftet får truleg bygge dei nye kystvaktskipa

Publisert 12. October, 2017

Statsbudsjettet 2018

-I september 2016 offentliggjorde regjeringa at det skulle byggast tre nye skip til Kystvakta som erstatning for dei tre skipa i Nordkapp-klassen. No har vi sett på tilbodet frå dei tre verfta som ønska å byggja skipa, og vi har valt å forhandla vidare med Vard Group AS Langsten, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide i ei pressemelding. 

Maritimt Forum var ein av dei som først krevde at skipa måtte byggast ved eit norsk verft, både av omsyn til kompetanse og på bakgrunn av den tryggingspolitiske situasjonen.

– Norge er verdsleiande på bygging av skip til avanserte maritime operasjonar  og til arbeid i polare farvatn. Vi har sett at Sjøforsvarets nye forsyningsskip som blir bygd i Sør-Korea og skulle vere ferdig i fjor no er forsinka til 2018. Goliat-plattformen blei forsinka og det viser seg at den har ei rekke manglar. Erfaringen bør no vise at det å bygge i utlandet i eit forsøk på å spare pengar fort blir ein kostbar operasjon, seier dagleg leiar i Maritimt Forum Tord Dale. Han meiner det er klokt at ein gjer innkjøpet i Noreg. Grunngjevinga for eit retta norsk innkjøp er mellom anna at sjøforsvaret er avhengig av ei maritim næring som har kunnskap om bygging og vedlikehald av militært materiell.

KV Nordkapp gav navnet til Nordkappklassen som nå skal erstattes av nye skip. De nye skipene skal gå i ytre kystvakt, ha plass til helikopter og ha is-klasse. [foto: Forsvaret]

I fall det ikkje blir ein avtale med Vard Group AS Langsten, vil eit av dei to andre verfta bli kalla inn igjen til forhandlingar. Tidsplanen som er sett for bygging av dei tre skipa er følgd, og planen seier at Stortinget skal få saka til endeleg godkjenning i 2018. Det fyrste fartøyet skal leverast i 2022.

Dei to andre verfta som ønskte å byggja skipa var Westcon Yards AS og Kleven Verft AS. Alle dei tre verfta held til på Vestlandet.

Av omsyn til Forsvarets behov innanfor beredskap og forsyningssikkerhet og for å sikre kompetansen i Norge, vart det avgjort at det berre var norske verft som kunne delta i konkurransen. Alle dei tre verfta har konkurransedyktige tilbod med stort innslag av norske leveransar.

For Maritimt Forum er det avgjerande at skrog blir bygd i norge og at det blir nytta norske underleverandørar

-Vi kjem til å følgje innkjøpet tett. Vi forventar at det blir valgt framtidsretta løysningar som bidrar til lave levetidskostnader. Innkjøpet baserer seg på gamle teikningar – vi skulle gjerne sett ein meir framoverlent innkjøpsprosess, men er no svært nøgd med at skipa skal byggast ved eit norsk verft, seier Dale.